Cow Parade Telemark, Norway2000
 
 View page in Norwegian


Newsletter:

Vert
Som vert for CowParade Telemark 2006, vil du få ein unik sjanse til å marknadsføre bedrifta di på ein utradisjonell og morosam måte som garantert vil vekkje oppsikt og få mykje omtale. Bedrifta di blir deltakar i eit unikt globalt kunsteventyr som skapar relasjonar mellom lokalsamfunn, kunstnarar og næringsliv. Din innsats bidreg dessutan til eit veldedig føremål og skapar glede og humor sommaren 2006 for alle tilreisande og vi som bur i Telemark.

Du kan fritt velje kua du vil vere vert for blant alle ku-skissene kunstnarane sender inn. Kan hende du heller vil finne ein kunstnar som kan realisere din eigen idé om korleis kua skal sjå ut. Valet er ditt – vi hjelper deg med den gode løysinga.

Eit vertskap kostar kr 80 000,- eks. mva. og sikrar plass for kua di i CowParade Telemark 2006. Vi ser fram til å synleggjere og trekkje merksemd til bedrifta og merkevara di og gje deg ei heilt ny moglegheit for kreativ kundepleie. Ønskjer du å vere vert for tre kyr eller fleir, får du status som stjernevert.

CowParade Telemark 2006 gir vertane sine mange rettar og fordelar – her kan du lese meir.

Kontakt oss direkte idag!

Nicolai Riise, prosjektleiar
e-post: nicolai@dyrskun.no
Tel. 35 06 52 49

Torunn Hovde Kaasa, prosjektmedarbeidar
e-post: torunn@dyrskun.no
Tel. 35 06 52 41

 



welcome |  the cows |  artists |  sponsors |  the city |  news |  fun + games |  shop |  about |  contact
© Copyright 2004-2005, CowParade Holdings Corporation, Privacy Policy, Terms and Conditions